Måned: september 2011
Hei alle aspiranter og juniorer
Publisert denEtter neste øving, onsdag 28. september, møtes vi til lek og aktiviteter i musikkrommet på Ulsetskogen skole.
Vi starter med litt saft og boller, deretter blir det forskjellige bli-kjent leker.
Planen er:
17.00 – 17.45: Øving
Saft og boller
18.00 – 19.00: Lek og moro
Håper alle har anledning til å være med !
Foreldremøte
Publisert denForeldremøtet er i dag 21. 09 på Ulsetskogen skole kl. 18.30!
Jubileumskonsert
Publisert den
JUBILEUMSKONSERT Åsane Janitsjar
i Åsatun, laurdag 29. oktober kl. 18.00
Det er 40 år sidan Ulset skolekorps blei stifta – og det er , saman med Eidsvåg skolekorps, utgangspunktet for det som er Åsane Janitsjar i dag. Ressursgruppa «Korpsets Venner» og festkommiteen inviterer til stor jubileumskonsert i Åsatun, laurdag 29. oktober. Dei nye aspirantane er med, juniorkorpset og hovudkorpset skal sjølvsagt spela, det blir solistinnslag frå gamle og nye medlemmer. Kanskje spelar musikantforeldra og? Gjester på konserten er Åsane Musikklag og Flaktveitgjengen Blandakor – og det er til og med k u l t u r d a g a r i Åsane som me er ein del av!
Etter konserten blir det korgfest for små og store i korpset – men det er ei anna historie… No ønskjer me først å dela med alle at me er så stolte over og glade for at mange, mange born og unge i Åsane har lært å bli flinke musikarar, å spela variert musikk frå alle ulike instrument og samstundes hatt så mykje kjekt i korpset vårt gjennom 40 år! |
Ta av skoene!
Publisert denTA AV DEG SKO! Alle MÅ ta av sko før dei går inn i gymsal og klasserom på Ulsetskogen skole. Det har me fått veldig klar beskjed om no i haust. Dei har jo pussa opp og alt.
Lurt å ha med eit par tjukke lubber i sekken då!
Styrenytt
Publisert denDå er hausten i full musikk med brask og bram. Lene Myhre Strand er vikar for hovudkorpset sin faste dirigent, Viggo Vea. Det går kjempebra! Nytt i haust er at hovudkorpsdirigenten også dirigerer juniorkorpset, medan Svein Olav Sandvik og Knut Emil Njøs deler på aspirantkorpset. Det er byrja 21 nye aspirantar i korpset dette året. Ikkje alle har fått plass i kulturskolen, men me har no fått instruksjon på plass for alle. Nokre av dei eldste i hovudkorpset trør til og andre har funne privatlærarar til sine born.
Det er vedteke at me skal styrka instrumentbehaldninga vår, at me må bruka midlar på reperasjonar og nye instrument. Det følger me opp så godt me kan denne hausten, men ser at det er naudsynt med stadig fleire fløyter og utskiftingar av nokre grovmessinginstrument. Me skulle jo ønska oss fleire instrumentgrupper i korpset. Er det verkeleg ingen som har lyst til å byrja spela horn, for ekesempel? Eller trombone? Og kvifor er det så populært med tverrfløyte? Hm… Kanskje me kan få svar på dette på foreldremøtet 21. september?
På det siste styremøtet før sommarferien vedtok styret å legga ut vedtak på heimesida. Dei fleste har vonleg fått med seg at hovudkorpset skal reisa på utanlandstur til neste sommar. I haust blir høgdepunktet 40 års jubileum og markering av dette med konsert og fest 29. oktober i Åsatun. Då skal alle tre korpsa våre delta, gamle og nye musikantar og andre gjester. Aktivitetane for hausten står skrive inn i kalenderen på eiga fane her på sida.
I tillegg vil ressursgruppa vår «Korpsets Venner» syta for noke kjekt og sosialt for nye aspirantar i løpet av september og organisera gruppeøvingar for hovudkorpset. I November startar salget av julekalender for hovudkorpset sine musikantar. Det er nytt – og er ein dugnad der all inntekt skal gå til korpstur. I tillegg skal me selga juleblomar som før – og forsøka få dei levert før adventstida tek til. Hovudkorpset er veldig nytt og ungt i år, med 14 musikantar som har rykka opp frå juniorkorpset. Dermed melder me ikkje på korps til Sotrafestivalen denne hausten. Me utset borteseminar (vonleg på Lonevåg) til helga før Hordablæsten og satsar på kjekt og sosialt heimeseminar før jubileumet vårt.
Følg med her på heimesida, så skal me gjera vårt beste for å halda alle oppdaterte!
Jobba for korpset?
Publisert denSTYREVERV:
Det har vore nokre endringar i styret i Åsane Janitsjar det siste året. No har me folk i alle verv fram til årsmøtet i februar 2012. Mellom anna har begge vararepresentantane våre overtatt styreverv. Derfor treng me to vararepresentantar til styret. Dei skal koma på styremøte dersom ein av representantane er forhindra frå å møta. Det er ikkje mykje arbeid knytta til dette, men det kan vera ein god måte å koma inn i Åsane Janitsjar sitt arbeid på. Vararepresentantane kan vera frå aspirant-, junior- eller hovudkorps.
REISEKOMMITÉ:
Åsane Janitsjar har vedtatt å reisa på utanlandstur med hovudkorpset sommaren 2012. Me treng to-tre fleire medlemmer til ein reisekommité. Styret sin representant, Eirik Farestveit, er leiar for kommitéen, ein korpspappa til er med – og to musikantar frå korpset. Kommitéen skal bestemma reisemål, utarbeida budsjett for reisa, legga planar for opphaldet og stå som hovudansvarlege for gjennomføringa (så dei som er med i kommitéen, bør nok vera med på turen og). Trur det blir kjekt arbeid!
Ta kontakt med Annelise Berger eller Eirik Farestveit (sjå under styret)