Nytt fra styret

Jobba for korpset?

STYREVERV:

Det har vore nokre endringar i styret i Åsane Janitsjar det siste året. No har me folk i alle verv fram til årsmøtet i februar 2012. Mellom anna har begge vararepresentantane våre overtatt styreverv. Derfor treng me to vararepresentantar til styret. Dei skal koma på styremøte dersom ein av representantane er forhindra frå å møta.  Det er ikkje mykje arbeid knytta til dette, men det kan vera ein god måte å koma inn i Åsane Janitsjar sitt arbeid på. Vararepresentantane kan vera frå aspirant-, junior- eller hovudkorps.

 

REISEKOMMITÉ:

 Åsane Janitsjar har vedtatt å reisa på utanlandstur med hovudkorpset  sommaren 2012. Me treng to-tre fleire medlemmer til ein reisekommité.  Styret sin representant, Eirik Farestveit, er leiar for kommitéen, ein korpspappa til er med – og to musikantar frå korpset. Kommitéen skal bestemma reisemål, utarbeida budsjett for reisa, legga planar for opphaldet og stå som hovudansvarlege for gjennomføringa (så dei som er med i kommitéen, bør nok vera med på turen og). Trur det blir kjekt arbeid!

Ta kontakt med Annelise Berger eller Eirik Farestveit  (sjå under styret)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *