Om ei veke er det årsmøte i Åsane Janitsjar. Då skal det velgast nytt styre – og valgkommiteen har ingen lett jobb med å finna kandidatar. Me manglar framleis to, mogeleg tre til styreverv og to vararepresentantar. Styreleiar skal velgast på årsmøtet – for eit år. Dei andre verva er for to år.
I styret blir fire flinke folk sittande eit år til (to av dei deler eit verv). Dei to som har sagt ja til å vera med, er dyktige folk med lang fartstid i ÅJ. Gamle styret kjem til å samla nye til styreseminar for å gje god innføring i generelt korpsarbeid og vegleiing og informasjon om våre tradisjonar og oppgåver.
Av hendingar som kjem i nær framtid er årsfesten, Hordablæsten og eit kjempegøy samarbeidsprosjekt saman med Li og Flaktveit skolekorps, rockeband og dansarar. Og i juni blir det korpstur til London. Arbeid føgjer med dette, så klart, men når alle tek sin tørn, blir det gøy. Me har eit godt utgangspunkt: god økonomi, greie, flinke musikantar og flott, engasjert foreldregruppe.
Me treng altså å ha fullt styre i ein såpass stor og aktiv organisasjon. Me oppmoder difor folk til å mana fram innsatsviljen og ta kontakt med valkommiteen. Ring gjerne oss i styret dersom du har lyst til å nøla høgt og la deg leia i freisting til å prøva! Me veit ikkje koss me kan gjera det viss me ikkje får nok folk som vil – for alle har me travle tilvære.
Helsing for styret, Annelise Berger (avtroppande styreleiar)