Litt av hvert

Ta av skoene!

Publisert den

TA AV DEG SKO! Alle MÅ ta av sko før dei går inn i gymsal og klasserom på Ulsetskogen skole. Det har me fått veldig klar beskjed om no i haust. Dei har jo pussa opp og alt.

Lurt å ha med eit par tjukke lubber i sekken då!

Nytt fra styret

Styrenytt

Publisert den

Då er hausten i full musikk med brask og bram. Lene Myhre Strand er vikar for hovudkorpset sin faste dirigent, Viggo Vea. Det går kjempebra! Nytt i haust er at hovudkorpsdirigenten også dirigerer juniorkorpset, medan Svein Olav Sandvik og Knut Emil Njøs deler på aspirantkorpset. Det er byrja 21 nye aspirantar i korpset dette året. Ikkje alle har fått plass i kulturskolen, men me har no fått instruksjon på plass for alle. Nokre av dei eldste i hovudkorpset trør til og andre har funne privatlærarar til sine born.

Det er vedteke at me skal styrka instrumentbehaldninga vår, at me må bruka midlar på reperasjonar og nye instrument. Det følger me opp så godt me kan denne hausten, men ser at det er naudsynt med stadig fleire fløyter og utskiftingar av nokre grovmessinginstrument. Me skulle jo ønska oss fleire instrumentgrupper i korpset. Er det verkeleg ingen som har lyst til å byrja spela horn, for ekesempel? Eller trombone? Og kvifor er det så populært med tverrfløyte? Hm… Kanskje me kan få svar på dette på foreldremøtet 21. september?

På det siste styremøtet før sommarferien vedtok styret å legga ut vedtak på heimesida. Dei fleste har vonleg fått med seg at hovudkorpset skal reisa på utanlandstur til neste sommar. I haust blir høgdepunktet 40 års jubileum og markering av dette med konsert og fest 29. oktober i Åsatun.  Då skal alle tre korpsa våre delta, gamle og nye musikantar  og andre gjester. Aktivitetane for hausten står skrive inn i kalenderen på eiga fane her på sida.

I tillegg vil ressursgruppa vår «Korpsets Venner» syta for noke kjekt og sosialt for nye aspirantar i løpet av september og organisera gruppeøvingar for hovudkorpset. I November startar salget av julekalender for hovudkorpset sine musikantar. Det er nytt – og er ein dugnad der all inntekt skal gå til korpstur. I tillegg skal me selga juleblomar som før – og forsøka få dei levert før adventstida tek til. Hovudkorpset er veldig nytt og ungt i år, med 14 musikantar som har rykka opp frå juniorkorpset. Dermed melder me ikkje på korps til Sotrafestivalen denne hausten. Me utset borteseminar (vonleg på Lonevåg) til helga før Hordablæsten og satsar på kjekt og sosialt heimeseminar før jubileumet vårt.

Følg med her på heimesida, så skal me gjera vårt beste for å halda alle oppdaterte!

Ringblomar

Nytt fra styret

Jobba for korpset?

Publisert den

STYREVERV:

Det har vore nokre endringar i styret i Åsane Janitsjar det siste året. No har me folk i alle verv fram til årsmøtet i februar 2012. Mellom anna har begge vararepresentantane våre overtatt styreverv. Derfor treng me to vararepresentantar til styret. Dei skal koma på styremøte dersom ein av representantane er forhindra frå å møta.  Det er ikkje mykje arbeid knytta til dette, men det kan vera ein god måte å koma inn i Åsane Janitsjar sitt arbeid på. Vararepresentantane kan vera frå aspirant-, junior- eller hovudkorps.

 

REISEKOMMITÉ:

 Åsane Janitsjar har vedtatt å reisa på utanlandstur med hovudkorpset  sommaren 2012. Me treng to-tre fleire medlemmer til ein reisekommité.  Styret sin representant, Eirik Farestveit, er leiar for kommitéen, ein korpspappa til er med – og to musikantar frå korpset. Kommitéen skal bestemma reisemål, utarbeida budsjett for reisa, legga planar for opphaldet og stå som hovudansvarlege for gjennomføringa (så dei som er med i kommitéen, bør nok vera med på turen og). Trur det blir kjekt arbeid!

Ta kontakt med Annelise Berger eller Eirik Farestveit  (sjå under styret)

Nytt fra styret

Velkommen til en ny høst med mye spilleglede!

Publisert den

Velkommen tilbake til korpsøvinger!  Vi håper dere har hatt en fin sommer, selv om de tragiske hendelsene i Oslo og på Utøya har berørt oss alle. Desto viktigere med spilleglede nå.

Det blir et kjekt og spennende år med mye nytt: Ny dirigent og mange nye musikanter i hovedkorpset. Aspirantene blir juniorer og vi venter nærmere 20 nye aspiranter.   

                                                                                                                                                                       Vi begynner onsdag 24. august på Ulsetskogen skole.

Juniorkorpset starter kl. 17.oo i gymsalen. Hovedkorpset starter kl. 18.00 samme sted.

De nye aspirantene får utdelt sine instrumenter kl. 18.00. Og vi kommer til å trenge litt hjelp fra noen fra hovedkorpset for å veilede… Dere får beskjed etter hvert.

Vi gleder oss til å se alle sammen igjen!

Hilsen oss i styret.

Arrangementer

NM 2011

Publisert den

Ut på tur – aldri sur

Åsane janitsjar har kjørt ni timer i buss for å spille NM – og har hatt det kjempegøy!

Korpset fra Åsane nord for Bergen ankom Larvik fredag, etter en ni timer lang busstur. De garanterte at de hadde spist myyye godteri, sovet litt, bråkt masse og kost seg maksimalt på turen.

– Vi snakket i mikrofonen, sang sanger og hadde god stemning, forteller gjengen.

Korpset overnatter på skole, som så mange andre korps som deltar i NM skolekorps.

– Vi har sovet litt i alle fall, men det var litt bråk, forteller de.

Åsane janitsjar var sjette korps på scenen i Bølgen lørdag, og de deltar i andredivisjon. På programmet stod He’s gone away arrangert av Rick Kirby og Dimensions av Peter Graham, arrangert av Jan Segers.

– Det gikk kjempefint, forteller gjengen til musikkorps.no like etter at de har spilt en flott konsert.

Musikantene i Åsane janitsjar er enige om at det beste med NM er stemningen.

– Alle er venner og miljøet er kjempegodt, sier de, og kommer på at også kebab er en god ting med NM.

– I dag skal alle spise kebab. Og så skal vi på Born to Play-konsert, forteller de.

Born to Play-festen begynner 17.30 ved Thor Heyerdal videregående skole, som ligger vegg i vegg med Arena Larvik. Der spiller verdensstjerne Tine Thing Helseth og mange flere. Og Åsane janitsjar gleder seg!

Arrangementer

Åsane Janitsjar på NMF sine sider:-)

Publisert den

Logg dykk inn på www.spilleglede.no. Under aktuelt frå NM står det ein sak (med bilde!) om glade 98-arar frå Åsane Janitsjar si reise til Larvik og korps NM. Rullar du enno meir nedover, er det ei sak om det høge nivået i 2. divisjon for janitsjar skolekorps. Det står det kjempeflott skryt av Sivert!

«Et av talentene musikkorps.no merket seg ved, var 12 år gamle Sivert Isrenn Berger fra Åsane janitsjar. Som vestlending er han nok ikke aktuell for kretskorpsene øst i landet, men 12-åringens fløytespill har kanskje også blitt observert vestpå?

– Jeg har spilt fem år i korpset, forteller Sivert til musikkorps.no.

Les mer om Åsane janitsjar sin lange tur til Larvik.»

Eg har altså lagt inn lenkene her, men veit ikkje kor det blei av dei… Prøver att ein annan dag, eller folket finn fram sjølv på NMF sine sider – SPILLEGLEDE.

Å ja, nei – me vann ikkje – men musikantane i Åsane Janitsjar er altså norges beste uansett og igrunnen ganske greit innstilte på at det er andre ting enn 1.plass som er viktige og. Det var lite skuffelse å spora, mykje glede – og dei spelte kjempebra i knallhard konkurranse, og fekk 91 poeng (i fjor var det 92 og tredjeplass).

Litt av hvert

Øving i pinsen og fram mot NM

Publisert den
Ja - sånn gikk det i fjor! Stolte og glade:-)

For dere som er hjemme i pinsen, er det gruppeøvinger lørdag og fellesøving mandag på Ulsetskogen skole. Sjekk aktivitetskalenderen for å finne klokkeslett:-)

Vi har fått låne skolen til ekstraøving tirsdag 14 og torsdag 16, men da blir det i SFO-rommet: 18-20. Onsdag 15. er det vanlig øving. Torsdagen avsluttes øvingen med hentekonsert for foreldre. Generalprøve!

Dere er  kjempeflinke!

Litt av hvert

Siste øvingsdag for Junior og Aspirant, 8 juni!

Publisert den

På onsdag er det siste øvingsdag for juniorene og aspirantene i Åsane Janitsjar.

Vi inviterer dere til å spille en liten avsutningskonsert sammen – for alle foreldrene.

Dere får noe godt å spise og drikke etterpå.

Velkommen, musikanter og foreldre, til gymsalen i Ulsetskogen skole klokka 17.00.

 

Vennlig hilsen korpsstyret, Knut Emil og Svein Olav.

 

 

Seminar

Heimeseminar

Publisert den

Åsane janitsjar har heimeseminar for hovedkorpset i Eidsvåg Kulturhus:

 Fredag 27.mai: kl. 18-20 (felles)

Laurdag 28. mai: kl. 10-16 (gruppeinstruksjon og felles)

Søndag 29. mai: kl. 11-15 (felles)

Kom med instrument, notar, godt humør og det som trengs.

OG – me inviterer til sosialt samvær laurdag frå kl. 16.                                                   Dersom det blir fint nok vær, går me rett ned til Tømmervågen og grillar.                            Foreldra er hjarteleg velkomne til å vera med:  ta med grill og mat og søsken og bli med!Me syt for mat til musikantane.

Skulle det bli regn – men det er lite truleg – serverer me pizza og brus til musikantane i Kulturhuset.

Me ber om kr. 30 for mat denne gongen.