Tid: Onsdag 7.juni kl 18-20 
Stad: Tertnes Videregående Skole
Sidan Åsane Janitsjar hoppa over den tradisjonsrike årsfesten i februar, inviterer vi no til eit kinderegg av ein fest! Det blir åresalg, kaffi og kaker, utdeling av prisar og medaljer, og konsert med alle korpsa våre! Vi skal få helse på dei aller ferskaste rekruttane, og dei vil spele for oss for første gong! Vi får òg høyre både junior/aspirantar og hovudkorpset.
Alle musikantar med foreldre, søsken, slekt, venner, naboar og andre interesserte er hjarteleg velkomne til å feire Åsane Janitsjar denne kvelden.
Inngang kr 50,- pr prs, max 100,- pr familie. Gratis kaker, saft og kaffi. Åresalg kr 10/ åre. (Vi har Vipps og kortterminal)
Oppmøte for musikantane: Junior/aspirant kl 17.00 Antrekk: Korps-t-skjorte og svart underdel Hovudkorps/rekrutt kl 17.30 Antrekk rekrutt: kvit t-skjorte og svart underdel Antrekk hovudkorps: Korpsvest, kvit skjorte, svart underdel.
For å få til dette treng vi hjelp: 
Alle musikantar i hovud-, junior- og aspirantkorpset (altså alle untatt dei aller nyaste rekruttane), stiller med ei kake og to gevinstar pr heim. Dette tek de med til arrangementet.
I tillegg ber vi om at følgande stiller til dugnad, og skaffar ein erstattar om de ikkje kan stille:
Riggegjeng, møter kl 16.45: Magnus, Bente, Bjørnhild + ein forelder frå Anna, Sara H.L. og Benjamin.
Servitører undervegs i arrangementet (fylle på med kaker, kaffi og saft) møter 17.45: Anja, Benedicte, + ein forelder frå Lykke, Knut Sigurd, Ali og Ole.
Ryddegjeng, rydder når det er slutt: Jostein, Lars, + ein forelder frå Petter, Ane, Mariam og Nikoline.
Konferansier: Bjarte
iZettle/vipps- ansvarleg: Harald